mandag 25. januar 2010

Mannen, myten & nasa

Fakta på fredag heter en serie som nettstedet På høyden ved Universitetet i Bergen har. Hver fredag spør de leserne om de vet svaret på 'ein vitskapelig kuriositet, ei spesiell sak, eit dyr med ein spesiell eigenskap eller andre snodige fakta frå vitskapen'.

Leserne kan sende inn sitt forslag til svar pr epost innen mandagen kl 12, & vinne en symbolsk premie. En fredag midt i januar var dette gåten:
"Tycho Brahe hadde hovudet på rett stad & er rekna som den moderne astronomiens far. Men korleis mista han nasa?

Den danske astronomen Tycho Brahe (1546-1601) sine bidrag til astronomien er rekna som uvurderlege. Han bygde & kalibrerte observasjonsinstrument, noko som skapte ein større presisjon innan faget, & la grunnlaget for at Johannes Kepler fann ut at planetane flyttar seg i elliptiske banar. Brahe målte årets lengde med ei nøyaktigheit på eitt sekund, & skapte eit nøyaktig stjernekart med 777 stjerner.

Den skandinaviske adelsmannen er også kjend for eit spanande liv. Han vart ein av dei rikaste mennene i Danmark, & haldt seg mellom anna med ein tam elg & ein dverg han meinte var synsk. Han er også kjend for sin død, som visstnok skal ha vore forårsaka av ei sprengt urinblære etter stort inntak av drikke i ein keisarleg fest, der det var rekna som uhøfleg å reisa seg før keisaren.

I 1566 mista Brahe ein bit av nasa, & laga seg ein protese av metall. Vårt spørsmål denne fredagen er: Korleis gjekk det til?

a) Han mista nasa i eit kjemisk eksperiment som gjekk gale
b) Han fekk forfrysningar under ein svært kald vinter i Wittenberg
c) Han mista nasa i ein duell

Veit du svaret? Send det til fredag@uib.no innan mandag kl 12 ..."
Mista Tycho Brahe nasa i ein duell eller i eit eksperiment? På Høyden ga korrekt svar nokre dagar seinare:
"På fredag ville me vita korleis det gjekk til at Tycho Brahe mista nasa si. Svaret er at den gjekk tapt i ein duell.

Då Tycho Brahe var ein ung student ved universitetet i Rostock havna han i ein krangel med landsmannen Manderup Parsberg. Ryktet seier at dei krangla om kven som var den beste matematikaren.

Dei to studentane utfordra kvarandre til duell med sverd. I følgje Pierre Gassendi (1592 – 1655) sin biografi "Tycho Brahe, the man and his work" gjekk duellen føre seg klokka sju om kvelden, i stummande mørke. Parsberg hogg av nasetippen til Tycho Brahe, som altså fekk laga seg ei naseprotese. I følgje Gassendi gjekk Brahe alltid med ein liten boks med lim etter den skjebnesvangre duellen. Naseprotesen var laga av metall, & hadde ein tendens til å detta ned."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar